Blog Image

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Ung Husflid

Ung Husflid Posted on Mon, May 25, 2015 21:23:52

Denne våren har jentene i Ung husflid-gruppa sydd vidare med lappeteknikken sin.

Små prosjekt har blitt fullført



Ung Husflid

Ung Husflid Posted on Mon, May 25, 2015 20:24:52

Vi har hatt litt trearbeid i ung husflid.


Små nøkkel- eller liknandehus var planen ein av onsdagane, her er små bitar av svartor klare til å gjerest glatte og fine.


Etter finare og finare pussepapir var husa blitt glatte og fine 🙂



Flittige hender

Ung Husflid Posted on Tue, April 07, 2015 13:52:22


Jentene i Ung Husflid har hittil i år brodert flittig små korsstingsmotiv. Desse har vidare blitt midtpunktet i ein lappeteknikk som heiter LogCabin. Kjekt å få leite fram symaskina! Og artig er det alltid å sjå kva farger og resultat som oppstår sjølv om utgangspunktet er likt. Dei jobber seg jamt og trutt framover mot målet 🙂



Juleavslutning

Ung Husflid Posted on Sat, January 17, 2015 18:33:36


Julevslutning for Ung husflid, med juleverksted den 16.desember. Sju jenter
hadde ei koseleg stund ilag. Først med djup konsentrasjon over arbeidet
med å lage julepynt av forskjellig slag, og så ei lita pause med
kaker, saft og gløgg.

I dag fekk dei også det dei hadde vevd i
haust med heim.


Så var det juleferie, med oppstart igjen eit par veker utpå
nyåret!



Ung Husflid

Ung Husflid Posted on Sat, January 17, 2015 15:38:46

Nok ein kjekk tirsdagskveld 21.oktober



Ung husflid er igang :)

Ung Husflid Posted on Sat, January 17, 2015 13:09:08

I haust samlast jentene i lagslokala kvar tirsdag for å lære og øve på ulike husflidsteknikkar.

Veven er i flittig bruk bruk, og nokre har tatt strikkepinnene fatt.



Spinnville dagar

Ung Husflid Posted on Sat, January 17, 2015 12:23:05


Første veka i sommerferien arrangerte vi i samarbeid med Brudavolltunet “Spinnville dagar”. Dette var eit tilbud om praktisk aktivitet og læring av ulike husflidsteknikkar på dagtid for barn i 4.-7. klasse.



Så 24.-26. juni var 30 jenter og gutar samla i flott vær i det nydelige tunet. Dei fekk prøve seg på mange ulike aktivitetar som td spinning, spikking, lysdypping og tautvinning. Mange glade barn hadde laga flotte produkt etter desse tre kjekke dagane.


Her er nokre bilder frå første dagen

Eit fantastisk flott arrangement som gjekk strålande takka vere ein god gjeng med husflidsmedlem som stilte opp og planla, lærte villig vekk, laga mat og organiserte.


Og her er omtalen som var i MøreNytt



Ung husflid

Ung Husflid Posted on Wed, November 06, 2013 09:46:12

Siste tirsdagskveld i denne runda av aktivitetskveldar i Ung husflid vart avslutta i går.


Alle har no fått ferdigstilt dei flotte sitteunderlaga sine. Her var ein spennande variasjon på dei ulike dekorane jentene hadde valgt. Godt jobba jenter!!!



Next »