Onsdag 11.november hadde vi temakveld “Ullbroderi”.

Medlemma hadde tatt med ulike døme på broderi med ulltråd vi kunne studere på, det er eit hav av muligheiter i val av teknikkar. Fordelen med bruk av ull i broderi er blandt anna evnen den har til å dekke underlaget godt og fylle jamnt ut. Her er nokre av dei flotte broderia som fann vegen innom lokalet vårt denne kvelden.



Området vårt er jo rikt på ullbroderi i samband med bunad og drakter, og her var også mange flotte døme på det. Mellom anna to huer fra ulike eigarar men med samme mønstermal.

Eit flott fagerikt brodert stykke i sterke fargar med ukjent bruk og mange andre flotte ting.