Blog Image

Ørsta husflidslag

bruker denne bloggen til å gi eit innblikk

i kva laget har hatt av ulike aktiviteter.
hovedsida vår finn du oversikt over aktivitetane framover.

Temakveld “Ullbroderi”

Medlemsmøter Posted on Thu, November 12, 2015 11:07:23

Onsdag 11.november hadde vi temakveld “Ullbroderi”.

Medlemma hadde tatt med ulike døme på broderi med ulltråd vi kunne studere på, det er eit hav av muligheiter i val av teknikkar. Fordelen med bruk av ull i broderi er blandt anna evnen den har til å dekke underlaget godt og fylle jamnt ut. Her er nokre av dei flotte broderia som fann vegen innom lokalet vårt denne kvelden.



Området vårt er jo rikt på ullbroderi i samband med bunad og drakter, og her var også mange flotte døme på det. Mellom anna to huer fra ulike eigarar men med samme mønstermal.

Eit flott fagerikt brodert stykke i sterke fargar med ukjent bruk og mange andre flotte ting.



Frå Versailles til Valdres

Aktiviteter Posted on Thu, November 12, 2015 10:56:59

Onsdag 4.november var det drakt og broderikveld i Aasentunet.


Magny Karlberg har gitt ut boka “Frå Versailles til Valdres -ei drakthistorisk reise” og var denne kvelden i tunet for å ta oss med på litt av draktutviklinga sett i samanheng med stilepokenen ellers i utlandet. Eit intressant foredrag om kva påvirkning dette har hatt for ulike området, og om at dei i veldig ulike grad har latt seg påvirke i det heile sjlv med små geografiske avstander.

Etterpå var det broderikafé og sosialt samvær i kaféen i tunet.



Veving

Vevstova Posted on Thu, November 12, 2015 10:35:54

På vevtorsdagane er det godt med aktivitet også denne torsdags formiddagen 17.september og nye oppsettingar er under planlegging


mens Elbjørg svinger rennebommen til golvtepperenning og Rigmor bedriv finarbeid i brikkeveven.



Oppstart med plantefarging i praksis

Aktiviteter Posted on Thu, November 12, 2015 09:50:45

Onsdag 26.august starta vi opp husflidshausten med trivelig stund og plantefarging i praksis ute.

Alle hadde med seg litt garn til for å prøve litt, og nokre hadde tatt med plantemateriale. Vi lagde tre fargebad, eit med løkskal, reinfann og blodbøk som fekk stå å koke så fargen trakk ut. Deretter hespa alle opp ganet og knytte føre slik at det var klart til farging.


Vi nytta oss av ulike hjelpemiddel i området, -nokre meir kreative og større enn andre 😉

Det var spennande å sjå resultatet av kor dei ulike garna trakk fargen ulikt. Til høgre er garnet frå løkskallsuppa, reinfann i midten og svartor til venstre.



Hausten 2015

Styret og stell Posted on Thu, November 12, 2015 09:31:53

I haust fornyar vi oss litt:
På aktivitetsonsdagane er det i tillegg til det vanlig ”ta med handarbeidet ditt” også tilbod om fokusperioder.
Her kan dei som ønsker det være med å utveklse og/eller prøve ut nye teknikkar.
Dette er altså ikkje kurs, vi har ingen fast leiar
-men utviklar oss ved hjelp av kvarandre og lagets kunnskap.
Temaet i dei ulike fokuspriodene står i kalendaren.

August:
26. Trivelig oppstart med plantefarging i praksis

September:
2. Aktivitetskveld (+ulike strikketeknikkar: Legge opp, auke, minke og felle av)
3. Veving
9. Aktivitetskveld (+ulike strikketeknikkar: Mønster med rett, vrang, flette og kast)
10. Veving
16. Aktivitetskveld (+ulike strikketeknikkar: Vert bestemt etter kvart)
17. Veving
23. Aktivitetskveld (+ulike strikketeknikkar: Vert bestemt etter kvart))
24. Veving
30. Aktivitetskveld (+ulike strikketeknikkar: Vert bestemt etter kvart))

Oktober:
1. Veving
7. Aktivitetskveld (+ulike strikketeknikker: Vert bestemt etter kvart))
8. Veving
14. Medlemsmøte “Vev” (Vi besøker Linda Hasund og Vevarven)
15. Veving
21. Temakveld i Volda “Bunad”
22. Veving
28. Aktivitetskveld (+gjenbruk)
29. Veving

November:
4. Aasentunet: Foredrag “Frå Versailles til Valdres” og broderikafé
5. Veving
11. Temakveld i Ørsta “Ullbroderi”
12. Veving
18. Aktivitetskveld (+ullbroderi)
19. Veving
21. Julekafé m. sal og lotteri
25. Aktivitetskveld (+ullbroderi)
26. Veving
28. Julekafé m. sal og lotteri + Familiejuleverkstad

Desember:
2. Aktivitetskveld (+ullbroderi)
3. Veving
5. Julekafé m. sal og lotteri
9. Aktivitetskveld (+ullbroderi)
10. Veving
12. Julekafé m. sal og lotteri
16. Adventsmøte “Juletradisjonar og feiring”



Vevstova

Vevstova Posted on Thu, November 12, 2015 09:26:05

Det er aktivitet med ulike bindingar på fleire av vevstolane no i mai også.


Her er tavlebragd i sarte pastellar og holbragd i tradisjonsrike fargar


Den lille veven med brikker i tynn tråd i dreilsbinding er også klar til små kunstverk.